Dagsenteret v/Tysnes Omsorgssenter på tur

Publisert av: May Britt Meland
27/8/2019 18:14

I dag, tirsdag 27. september, har 7 av brukarane av dagsenteret v/Tysnes Omsorgssenter og 2 ansatte vore på tur til Midtfjellet vindpark i eit nydeligt sommarvær. Dei som ønska det gjekk seg ein liten tur og såg på dei mektig store vindmøllene, mens andre sat og nytte den fine utsikten. Kaffi og bollar hadde me med oss, noko som smaka ekstra godt i fjellheimen, og alle reiste heim att og var vel fornøgde med turen.

TEkst og foto:

Tekst og foto: Torill Dalsland Flakke