Tysnes Sparebank Cup 2018

Publisert av: Tommy P. Gundersen
11/5/2018 21:13

No er det ikkje lenge før den årlige fotball cupen er i gong, og Njardar/Tysnes inviterer no til den 22. ”gatecupen” på rad.

Tysnes Sparebank Cup 2018 er for alle f.o.m. året dei fyllar 15 år og oppover som har lyst å spela fotball.

Njardar/Tysnes ynskjer på denne måten å aktivisera både fastbuande og ferierande til ei ”uhøgtidleg” og sosial fotballhelg, utan for mykje alvor!

Tilbodet er først og fremst for dei som til vanleg ikkje spelar organisert fotball.

Dersom DU har lyst å spela fotball, få med deg vener/slektningar/naboar og meld ”dåke” på i ein av klassane nedanfor.

 

KLASSEINNDELING:

Klasse 1 – 7’ar fotball

”Lettbeinte menn”– inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

Klasse 2 – 7’ar fotball

”Sårbeinte menn”– ingen aktive på laga, uansett nivå.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 7 innbyttarar)

 

Klasse 3 – 7’ar fotball

”Stivbeinte menn”– frå og med 40 år og oppover.

(1 keeper og 6 utespelarar på banen samstundes og inntil 7 innbyttarar)

 

Klasse 4 – 5’ar fotball

”Lettbeinte damer”– inntil 2 aktive pr.lag der begge aktive kan vera på banen samtidig.

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 3 innbyttarar)

 

Klasse 5 – 5’ar fotball

”Sårbeinte damer”– ingen aktive på laga, dvs. spelarar som ikkje spelar fotball til vanleg

(1 keeper og 4 utespelarar på banen samstundes og inntil 4 innbyttarar)

 

 

Dersom ein vil lesa om påmelding, reglar, premiar og info klikk her.