Vinnar av juleqiuz

Publisert av: Nicholas Kleppe
30/12/2019 11:50

Det var mange som hadde sendt inn svar på julequiz, noko Tysnesingen er veldig fornøgd med. Den heldige vinnaren av julequizen er Bjørg Hagen. Ho hadde rett svar på alle spørsmåla, og vart den heldige vinnaren av eit corn-hole brett.

 

Nokon vil sei at dei 21 spørsmåla var alt for lette, medan andre kanskje syntes at nokre av spørsmål var vanskelege. Her kjem uansett alle svara.

Del 1

Spørsmål 1

Kva heiter hunden til Gjertrud og Olaf Sand i TV-serien “The Julekalender”?

Svar: Kvikk Sand

Spørsmål 2

Kor mange små og store øyer består Tysnes kommune av?

Svar: 171

Spørsmål 3

Kva for ein amerikansk president hadde ein statistrolle/cameo i filmen “Hjemme Alene 2”?

Svar: Donald Trump

Del 2

Spørsmål 4

Kva heiter dei tre vise menn, hellige tre konger, som kom til Betlehem?

Svar: Baltasar, Kasper og Melkior

Spørsmål 5

På 1100 talet vart det reist ei steinkyrkje på Onarheim. Kva var namnet på denne kyrkja?

Svar: Olavskyrkja

Spørsmål 6

Namnet John McClane er assosiert med ein hovudperson, men i kva for ein film?

Svar: «Die Hard»

Del 3

Spørsmål 7

I 2018 importerte Norge 263 945 juletre. Frå kva land importerte me flest juletre?

Svar: Danmark

Spørsmål 8

Kva for ei øy, som tilhøyrar Tysnes kommune, vart gitt som gåve til kongefamilien i 1905?

Svar: Solstråleøya

Spørsmål 9

Kor mange brikker står på brettet når ein startar eit parti sjakk?

Svar: 32 brikker

Del 4

Spørsmål 10

Dagens julenisse har henta inspirasjon frå biskop St. Nikolaus, men kva land kjem han i frå?

Svar: Tyrkia

Spørsmål 11

Når vart Tysnes kommune oppretta?

Svar: 1837 i samband med innføringa av det lokale sjølvstyre

Spørsmål 12

Kva er namnet på den noverande statsministeren i Storbritannia som prøver å få Storbritannia ut av EU?

Svar: Boris Johnson

Del 5

Spørsmål 13

I jula et me kanskje meir søtsaker enn vanleg, men kva for søtsak, som er basert på ei nøtt, er ekstra populær i jula?

Svar: Marsipan

Spørsmål 14

Kva heiter dei tre største øyane i Tysnes kommune?

Svar: Tysnesøya 197 km2, Reksteren 37,2 km2 og Skorpo 8,8 km2

Spørsmål 15

Kva 3 amerikanske presidentar har blitt stilt for riksrett?

Svar: Andrew Johnson i 1868, Bill Clinton i 1999 og Donald Trump i 2019

Del 6

Spørsmål 16
Kva land kjem opprinneleg planten “julestjerna” frå?

Svar: Mexico

Spørsmål 17
Kor tid vart brua, over Bårdsund, til Reksteren bygd?

Svar: 1977

Spørsmål 18

Elon Musk, eigaren av Tesla. Har nyleg lansert ein pickup, kva er namnet på den bilen?

Svar: Cybertruck

Del 7

Spørsmål 19

I kva for eit evangelium kan ein lesa juleevangeliet?

Svar: Lukas evangeliet kap 2 vers 1-20

Spørsmål 20

Kva gud kjem namnet Tysnes frå og kva for ein gud var han?

Svar: Guden Ty, og han var krigs- og rettferdighetsgud

Spørsmål 21

På appen “Snapchat” er det mogeleg å sende “snapper” til kvarandre. Kva heiter det når du og ein venn har sendt ein “snap” til kvarandre, innan 24 timar, tre dagar i strekk?

Svar: Snap streak