Hjertefred

Publisert av: Martha Nygård Lande
7/11/2022 09:48

Det var mange som hadde møtt fram i Onartun på årets Hjertefred.

Ute var det dekorert med masse lys og hjerteballonger, og små og store engler delte ut fyrstikkesker slik at alle kunne få tenne eit lys. Oppi fyrstikkeska var det også papir og blyant, slik at ein kunne få skrive ei helsing til den eller dei ein savnar.

Jannike Alvær Lie ønskte velkommen, og deretter var det mange flinke songarar og musikarar som bidrog til at dette vart ein flott måte å minnast dei me har mista.

Selma Aarvik, Martha Mjelde, Julie Kristine Aarvik, Alexander Sæløen, Maren Leite, Marianne Tvedt, Robert Dalland,  Eirik Hodneland og Endre Hodneland stod for dei musikalske innslaga.

Foto: Amalie Lunde Bakke og Ina Kaldefoss