Stor aktivitet på Blå skule

Publisert av: Martha Nygård Lande
24/9/2021 13:03

Som vanleg jobbar dei på, elevane på Blå skule.

Det er både støyping, snekring, rydding, trekking av teiner og garn, mate hønene og hente egg.

Forutan vanleg fiske- og krabbefangst, fekk dei denne veka også ein havål på 6,5 kg.

Heldigvis har dei også litt tid til å kose seg innimellom alt arbeidet, blant anna med bålpanne og nysteikte pannekaker.

Her er nokre bileter frå arbeidet denne veka.