Konsert med musikklaget

Publisert av: May Britt Meland
10/4/2018 12:34

Søndag 8. april inviterte Musikklaget til vårkonsert i Tysneshallen. Onarheim Musikklag, Tysnes Skulekorps og Tysnes Musikklag underheldt med flott korpsmusikk.

Lars Petter Epland frå Tysnes Musikklag fortel at det var ein vellukka konsert med mykje fin musikk og mange flinke solistar.

Arrangørande baud på kveldsmat, og drøsen gjekk godt rundt bordene.

Lotteriet var sjølvsagt eit populært innslag! Epland fortel at inntekta frå lotteriet blir brukt for å sponsa medlemmane til
reisa når korpset skal delta på Oslo Brassfestival 27.-29. april.