Tysnes gjev meirsmak

Publisert av: May Britt Meland
8/6/2021 11:40

I denne veka lanserast nettside og sosiale media for «Tysnes gjev meirsmak».

Nettsida skal gje gjester til Tysnes og lokalbefolkning ein portal for samla informasjon om Tysnes som reisemål.
.
Me vil visa verda kva Tysnes har å by på, og trur det er kjekt for folk å vite meir om kva du kan oppleve på Tysnes! Me har ei rik historie, verdifulle kulturminne, arrangement og festivalar, ein nydeleg natur med flotte turstiar, god lokalprodusert mat, serveringsstader av høg klasse og ikkje minst kan me tilby handel av både varer og tenester som tilreisande, hyttefolket, båtfolket og lokalbefolkninga har behov for.
På Tysnes byr me på opplevingar for heile familien.
Me trur det gjev folk «meirsmak» når dei først får auga opp for øya vår, og me gler oss til å ynskje folk velkomen. Igjen og igjen.
.
Prosjektet «Tysnes gjev meirsmak» Tysnes Næringsråd tok våren 2020 eit initiativ til eit  omdømmeprosjekt/destinasjonsprosjekt» for å auka attraktivitet og omdømme med spesiell fokus på Tysnes som reiselivskommune. Hovudmåla er å få auka synlegheit, næringsaktivitet og verdiskaping på Tysnes med nærturistar og hyttegjester som målgruppe.
.
Fase 1 i prosjektet er gjennomført som planlagt og me har i fellesskap utvikla eit identitetsdokument og ein strategisk plattform gjennom  konseptet #MEIRSMAK. Tysnes Kommune, Tysnes Kraftlag og Tysnes Sparebank har finansiert Fase 1 i prosjektet. Me hadde samling 1 i fase 1 med 24 bidragsytarar i oktober 2020 på Haaheim Gaard. Me hadde samling 2 i fase 1 første veke i desember 2020 på Mandelhuset. Me fekk så samanfatta workshoparbeidet og spikra identitet og konsept i eit dokument som blei vedteke av prosjektgruppa i Januar 2021.
.
Fase 2 i prosjektet er me no i gang med og inneheld kommunikasjon, nettside og sosiale media. Me treng å få opp synlegheit. Marita Bakke og Camilla Korsnes har fått eit prosjektoppdrag med prosjektleiing av reisemålsprosjektet Meirsmak.
.
Marita og Camilla ønskjer  saman å vere «Team meirsmak» og å i fellesskap byggja opp ei informativ felles nettside for reiseliv, opplevingar og handel på Tysnes, og samtidig jobbe aktivt på sosiale media for å utvikle merkevara #Meirsmak. Der treng me hjelp frå næringsliv og privatpersonar som tagger sine opplevingar og innlegg i sosiale media med #meirsmak eller #tysnesgjevmeirsmak.
.
Pressemelding frå Tysnes Næringsråd