ILLUSTRASJONSBILETE

Kjøretur i ferien?

Publisert av: Martha Nygård Lande
13/7/2020 12:02

Trygg Trafikk melder på sine sider at mange lar gjenstander ligge laust i bilen, og ynskjer å advare bilturistar mot dette.

Det er viktig å pakke bilen riktig, og å sikre lause gjenstander. Det er mange born som set med nettbrett eller mobiltelefonar som ikkje er sikra, dette kan skade både born og vaksne i bilen.

Skulle ein vera så uheldig å havne i ein kollisjon i 80 km/t, vil ein gjenstand på 1 kilo få ei vekt på 25 kilo. Ein Ipad eller mobiltelefon veg mindre enn dette, men er smal og med relativt skarpe kantar, og vil difor kunna skade dei i bilen.

Det er fleire leverandørar som tilbyr nettbrettholdere som er kollisjonstesta, og som Trygg Trafikk anbefaler at ein brukar.

Klikk deg inn på Trygg Trafikk og les deira tips til korleis ein bør pakke bilen på ein god og trygg måte før ferieturen.