Torsdagstur til Eikåsen

Publisert av: May Britt Meland
7/6/2024 18:21

Berre tre modige turgåarar torsdag 6. juni. Vermeldingane var ikkje dei beste, men bortsett frå ei haglskur vart det betre enn venta. Det var litt sleipt somme stader, men me var samde om at det hadde vore ein fin tur.

Neste veke vert siste turen før ferien, og me prøver å få til ein tur til Laukhamar. Dei som ikkje likar å gå I oppoverbakke, kan rusla ein tur i nærområdet, og andre kan prøva motbakkane eit lite stykke.
Ein tur til Laukhamar slår aldri feil.

 

Tekst og foto: Kirsten Nesse