Foto: Shutterstock

Valentinsdagen

Publisert av: Martha Nygård Lande
14/2/2019 08:00

Valentinsdagen, eller engelske St. Valentine’s Day, vert også kalla alle hjerters dag og kjærleiksdagen. Dagen vert feira 14. februar og er ei feiring av kjærleik og romantikk.

I følge Wikipedia oppstod denne skikken på slutten av 1500-tallet, og har antageleg opphav i ei folketru om at fuglane byrja å pare seg på denne dagen. Eit anna mogeleg opphav er dei romerske Lupercalia-festlighetane. Tidlegare var dagen ein festdag for to martyrar med navn Valentinus.

Valentinsdagen vert feira i engelsktalende kulturar og i Frankrike, men har i seinare år også spredt seg til Skandinavia. I England utvikla dagen seg, frå 1700-tallet, til å verta ein anledning for å uttrykka kjærleik gjennom gåver, som blomar, konfekt og valentinskort. På 1800-tallet overtok masseproduserte kort stadig meir for håndskrevne.

Foto: Wikipedia

I Norge vart det i 2015 omsatt valentinsdagsprodukt for anslagsvis 255 millioner kroner. Dagen vert markert ved kjøp av gåver og sending av kjærleiksbrev eller -kort, ofte anonymt, og har på denne måten fått eit kommersielt preg. I Ghana har turistmyndighetene døypt om dagen til «den nasjonale sjokoladedagen» for å gje dagen eit betre rykte, og auka etterspurnaden etter ghanesisk sjokolade.

Foto: YourTripAgent.com

I USA har kommersialiseringen av dagen kome svært langt. Dei mest populære valentinsgåvene her er søtsaker, blomar, middagar på utestader, smykker og klær. I USA vart det i 2015 solgt valentinsprodukter for anslagsvis 18,9 milliarder dollar (ca. 144 mrd. kr).

Foto: besthdwallpaper.com

 

Kommersielle aktørar og handelsstanden satsar millionar for å promotere dagen og gjera den viktig også i Norge, og ein ser ein tilsvarende tendens i Sverige og Danmark. Ifølge ei undersøking frå 2004 visste ikkje 70 prosent av norske menn når valentinsdagen var, mens 70 prosent av kvinner visste svaret.

Foto: Wikipedia

I 2010 hadde dagen fått ein viss popularitet i befolkninga, og i størst grad blant dei som levde i parforhold. Kvar tredje person i eit forhold sa at dei skulle markere valentinsdagen ved å sende sin kjæraste eller venn ei helsing, gåve ellergje ein annan oppmerksomhet.

I ei norsk undersøking frå 2015 med 1 000 respondenter mellom 18 og 70 år, meinte 73 prosent av dei spurde at dagen ikkje er ein viktig merkedag.

Vil du lesa meir om Valentinsdagen, kan du gå inn på Wikipedia her.