Tysnes brann og redning har deltatt i stor skogbrannøving

Publisert av: Martha Nygård Lande
11/5/2023 09:09
Mannskap frå Tysnes brann og redning har saman med ca 130-140 personell frå brannvesen, Sivilforsvaret og skogbrannhelikopter, vore med på skogbrannøving i Kvam.

Øvinga var i regi av Vest brann- og redningsregion. VBR er eit samarbeid mellom 18 sjølvstendige brannvesen i gamle Hordaland. Dette samarbeidet gjer svært gode synergiar i form av erfaringsutveksling, felles kursing og felles øvingar som denne.

Det har vore gode moment og læringspunkt innan taktikk, styring av helikopter i aksjon, leiing, logistikk og ulike måtar å sløkkje ein skog-/lyngbrann.

I samband med øvinga har to brannkonstablar frå Tysnes, Audun og Anders, undervist rundt 100 mannskap i trefelling.