Ny adventsbok om Oline

Publisert av: May Britt Meland
4/11/2020 21:09

For nokre år sidan laga personalet i Vågsmarka barnehage ei adventsbok. Den inneheld ei forteljing til kvar dag me er i barnehagen i desember. Boka handlar om Oline, ei gamal dame som bur aleine inne i skogen. Ho er litt einsam. Kvar dag før jul møter ho nokon i skogen som treng hjelp frå henne. Når det endeleg blir jul, kjem alle dei Oline har møtt, på besøk til henne med ein liten hund som julegåve.

Me har solgt boka vår både til privatpersonar og til barnehagar i distriktet. Mange er blitt glade i Oline.

Etter kvart kom det nye historier til oss om Oline. Dei blei til ei ny bok. No har Oline hunden sin, Rufus. Rufus forsvinn i skogen, og Oline må ut å leite etter han.

Me har fått hjelp av Marita i Blikk Design AS til å utforme boka. Det er laga ei bok som me kan nytte når me les med nokre få barn. I tillegg har me laga ei bok med spiral i toppen, som egner seg godt til høgtlesing i barnehagen.

Tysnes kraftlag har støtta oss økonomisk. TUSEN TAKK for hjelpa.

No håpar me at mange vil kjøpe boka om Oline og Rufus, og kosa seg i lag med dei i adventstida. Me har også fleire igjen av den første boka. KOSELEG LESING I ADVENTSTIDA

DEN NYE OLINE-BOKA KOSTAR KR. 150,-

DEN GAMLE OLINE-BOKA KOSTAR KR. 100,-

+ kr 20,- i frakt dersom boka må sendast.

Send melding/ring til Eldbjørg Knudsen for å bestille bok Tlf: 98818570

VIPS: Vågsmarka barnehage 630044

Den fyrste adventsboka om Oline som kom ut i 2015