Flott trekkspelmusikk på midtsommarkvelden! Lesarfoto

Både store og små hadde møtt fram til jonsokfeiring i Njordstø.

Publisert av: May Britt Meland
23/6/2020 20:32

Det var ein flott og varm midtsommarkveld. Sidan feiringa var i sjøkanten, vart det sjølvsagt bading. Grilling høyrer med på ein slik kveld, og det vart grilla både pølser, hamburger og gode marshmallows. Etter at ein hadde fått litt mat i magen, vart det trekkspelmusikk og fyr på bålet, før ulike leikar stod på programmet.

Ungane fekk kvart sitt kort som dei fekk kryss på for kvar aktivitet, slik at dei kunne få seg ein premie. Dei skulle kaste ringar, spele bowling, kasta på bokser, gå gjennom tre apparat i Tufteparken og finne fem ting frå naturen. Både born og vaksne fekk spele cornhole, før det var tid for quiz.

Takk til Øykjaskoro Vel for eit fint arrangement!