Kjekt og sosialt med bingo

Publisert av: Martha Nygård Lande
29/10/2023 08:01
Torsdag 26, oktober var det duka for Bingo i Tveit grendahus.
Anne Onarheim Langeland har vore initiativtakar for å starta opp igjen denne aktiviteten.

Denne fyrste gongen var det lagt opp til «litt i samme leio» som tidlegare. Samme tidspunkt som pensjonistane har hatt i mange år, først gjennom kontakten-Tysnes kommune på aldersheimen, før den blei flytta ut i Tveit bedehus. Her var det Tysnes frivilligsentral og brukarane sjølve som dreiv i mange år. Og som avslutning på bingoåret har dei hatt samankomst og middag for alle deltakarane, med ledsager, på Laukhamar fritid.

Anne Onarheim Langeland; initiativtakar og bingovertinne.

Desse har no vorte godt oppi åra og makta ikkje styra med bingoen lengre. Det var då ideen kom om og vidareføra tilbodet for dei, og andre aldersgrupper som likar bingo og ei sosial stund i saman.

Det er alltid spanande og sjå kor mange som kjem, men dette var tydelegvis noko som folk ville få med seg.

Ein god gjeng sat rundt borda. Det var stille og full kosentrasjon under spelet og god drøs under matpausen.

Anne Onarheim Langeland ynskjer å takka alle som kom, og ein stor takk også til sponsorar og til dei som hjelpte til.