Stifter lokallag for ADHD Norge

Publisert av: Martha Nygård Lande
10/2/2023 08:54
Det har vore eit ynskje at Tysnes har sitt eige, lokale ADHD lag. Tidlegare har Tysnes Kommune høyrt til under Stord og omegn, men no har ei gruppe tatt initiativ til å starte eit lokallag på Tysnes.

ADHD Norge er ein frivillig organisasjon for menneske med ADHD og deira pårørande. Med cirka 12.000 medlemmer er ADHD Norge den største frivillige organisasjonen innan psykisk helse.

ADHD Norge har som oppgåve:

  • å bre kunnskap og forståing for ADHD
  • å holde medlemmane underretta om rettigheter og muligheter for støtte frå samfunnets hjelpeapparat
  • å fremma samfunnsmessig likestilling for menneske med ADHD.

Organisasjonen arrangerer blant anna sommarleirar og familieseminar. Til støtte for sitt arbeid har organisasjonen eit fagråd med representantar frå faggrupper.

ADHD Norge vart stifta i 1979. Organisasjonen er ein landsdekkende organisasjon med fylkeslag som organiserer aktiviteter, kurs, samlingar og møteplassar for våre medlemmer. I mange av fylka er det også lokallag. ADHD Norge sitt landsstyre blir valgt for ein periode på to år. ADHD Norge har også eit Fagråd som er eit fagleg, rådgjevande organ. ADHD Norge Ungdom er eit ungdomsråd som blir leia av ungdomsrepresentanten i Landsstyret.

Vi er ei lita gruppe som ynskjer å sitte i eit styre, men vi treng fleire for å få eit bærekraftig lokallag!
Vi håpar du som har lyst å bidra tar kontakt med ein av oss, eller møter på stiftelsesmøtet. Klikk her for å koma til meir informasjon om stilftelsesmøte.

Du treng ingen annan kompetanse enn vilje og noko tid til overs for å gjera ein innsats. Vi har oppgåver framfor oss som passer for alle! Om du ynskjer å bidra i styret eller stå på en frivillighetsliste for å kunne hjelpe til under arrangementer – er du like velkommen!

Vi håper du vil være med på laget for en god og viktig sak – velkommen skal du være!