Sterke ungdommar dreg opp eit tre som har knekt i stormen. Foto: Tysnes skule

Hektisk veke på Blå skule

Publisert av: May Britt Meland
11/1/2020 13:47

Denne veka har ungdommane på Blå skule verkeleg stått på og jobba hardt!

Torsdag stod treberging og ferdigstilling av flytebrygga på arbeidslista.

Det vart montert skjørt på brygga, og endeleg kunne stolte ungdommar seie seg ferdige med prosjektet!

 

 

 

Eit tre som hadde knekt i stormen vart drege opp på land, medan eit anna som låg utover sjøen måtte slepast med båten.

 

I tillegg er hønene stelt og har fått vatn og mat, garn er klargjort og sett for så å bli tekne opp neste dag.

Det vart rydda opp etter dei knekte trea, stokkar vart høgde til ved, og greiner vart samla saman. Fredagen vart avslutta med eit stort bål.

Desse ungdommane ligg ikkje på latsida, det er også planar om å fikse ein veg som mosen har vakse rundt.

Imponerande!