Skjermdump vegvesen.no

Det ser dårlig ut for Tysnes

Publisert av: May Britt Meland
11/4/2018 18:28

Ut frå Statens Vegvesen sin plan for dekkevedlikehald på riks- og fylkesvegar, kjem Tysnes dårleg ut.

På det søkbare kartet som vart tilgjengeleg 10. april, ser det ikkje ut til at det vert ny asfalt nokon stad på Tysnes dette året.

Men på nettsida er det lagt til at “mindre endringar vil forekomme”, så då er det kanskje håp om ein liten meter eller to….?

I 2017 fekk Tysnes 990 meter med ny asfalt på Søreide i Uggdal. Noko som var langt over dobbelt så mykje som i 2016! Då vart det lagt knapt 400 meter med asfalt på Reksteren, og på fastlandsida av Lukksund bru.

 

Her finn du oversikta over alle riks- og fylkesvegar som skal asfalterast i Noreg i sommar.