Statsråd Lehmkuhl i Våge Hamn

Publisert av: Vegard Aslaksen
13/7/2018 08:53

I går ettermiddag ankom det majestetiske seglskipet Statsråd Lehmkuhl Våge og Tysnesfest. Verdas vakraste skip er litt av eit blikkfang og ein flott kulisse i lag med dei andre båtane under Tysnesfest -ein festival i sjøkanten.

Statsråd Lehmkuhl er ikkje berre her på utstilling. Under festivalen kan festivaldeltakarar overnatte om bord og på søndag kan ein segla heim til Bergen med Statsråden.

Les meir på www.lehmkuhl.no

 

 

Den tremastra stålbarken set eit flott preg på det maritime miljøet i Våge under Tysnesfest

Skipet ligg fortøyd ved den store lekteren ved ferjekaien.

 

Foto; Tommy P. Gundersen