Gjennomførte og bestod livredningsprøven

Publisert av: Vegard Aslaksen
8/11/2018 21:56

Om lag 25 lærarar og assistentar ved skulane og barnehagane på Tysnes har dei siste vekene gjennomført førstehjelpskurs og livredningsprøve.

Tysnes Rødekors stod for førstehjelpsundervisninga medan Tysnes Symjeklubb stod for den årlege livredningsprøva i bassenget.

På livredningsprøven blir kandidatane testa i symjing, dykking, ilandføring av pasient og gjenoppliving med hjarte lunge redning. Alle elementa i prøven skal gjennomførast samanhengande utan pause.

 

Her har Terje Sløgedal nett hoppa uti og starta prøven som byrjar med
100 meter symjing.

Etter at ein er ferdig med symjinga skal ein umiddelbart dykka ned på
den djupeaste delen av bassenget og henta opp ei dukke.
Her er Tom Erik Instøy på veg opp att med dukka.

Didrik Milde Thorbjørnsen har fått dukka til overflata.

Når dukka er teken til overflata ventar ein kollega som skal vera
“pasienten” som skal ilandførast. Her er det Terje Sløgedal som er pasient.

Ein skal symja minst 20 meter med pasient før neste post.

På siste post lyt ein ta seg på land der ei livredningsdukke ventar.
Her gir Terje dukka frie luftvegar og sjekkar åndedrettet.

Og her er Terje i gang med hjarte lunge redning og skal halda fram
med dette i minst 3 minutt med korrekt utførelse.

 

Ynskjer du meir informasjon om hjarte lungeredning/gjenoppliving?

Då kan du for eksempel lesa meir her.