På tur til Solheimsdalen

Publisert av: Johnny Helgesen
1/7/2019 09:39

Måndag 24.juni var me 23 damer frå Tysnes Bygdekvinnelag på vitjing i den gamla skulestovo i Solheimsdalen. Dette skulle vera som ein avslutning før sumaren. Her benka me oss ned og lydde andektig til historia som blei oss fortalt.
Det var Hans Tore Brekke som var lerar denne dagen, og han heldt eit engasjerande foredrag om gamle dagar og historia til skulehuset.
Skulehuset i Solheimsdalen er no blitt eit særs fint skulemusèum. Stova er frå 1896, og på den tida var det monge born som sokna til denne krinsen, her var på det meste 40 elevar.


Tysnes hadde og omlag 23 slike skulehus rundt omkring. Straum kom i ca 1952/53,og vatn vart lagt inn på slutten av 50 talet. Då blei det slutt på vassbytto med felles ause.
I Solheimsdalen var det skule fram til 1958, og siste året var her kring 5-6 elevar.


Monge hadde lang veg å gå, og om vinteren var det ofte mykje snø. Leraren var tidleg oppe og fyrte i omnen, så det vart varme i stovo slik at ein kunne hengja sokka og klede til tørk.
Lerar Erik Alfarnes var kjent for å vera ein streng lerar. Så hvis ein ikkje sat still, tok han fram saga og delte pulten i to. Dermed blei ein avskild med kameraten.
Allereie på 60 talet blei det bestemt at det skulle verta skulemusèum, men det gjekk mange år før det blei til. Det starta med ei tom skulestove, og heldigvis var alle pultane stabla opp i skytjo. Alle tømmerveggar blei grønsåpevaska. Golv er skrapt og malt i nesten heilt lik farge.


Alle vindauge er orginale og blei restaurert av Sunnhordland Museum. Og grendalaget har bytta tak på skytjo. Etter ein reportasje i bladet «Tysnes» blei det litt fart i bidrag frå andre bygdar ikring.
Tavla kjem frå skulehuset i Norbustaddalen, orgelet er frå bedehuset på Onarheim og er frå ca 1860. Kateteret er frå Hagareset, og blei akkurat redda før det brann.


Eindel kart kjem frå gamle Reiso skule. Utstyr som vart nytta i fysikk og kjemitimar, kjem frå Ruseløkka skole i Oslo. Her finn me og Onarheim husmorlag sine koppar. Og ikkje minst er det mange private som har bidratt med bøker og anna så at bokhylla no er fyllt opp igjen.


Vegg i vegg med skulestovo er lerarbustad. Her er stove og kjøken , samt eit arbeidsverelse. Stova vart some tid brukt til samling etter gravferder. På lemmen er det to soverom. Lerar Alfarnes budde her i 25 år, og den siste som budde her var Tordis Bergsvåg.
I mange år har det vore tradisjon med basar i skulehuset skjertorsdag og dei gamle årane er framleis i bruk.
Borte i svingen står melkerampe og skur, og her har gardane i Solheimsdalen bidratt med
melkespann.


Hans Tore Brekke fortel vidare at 90 % av drifta er privatfinansiert gjennom gåver gitt frå lag og organisasjonar. Det er umulig å drive et skulemuseum i ei så lita bygd, uten det store engasjementet frå grannane. Han takka samstundes for gåva frå Tysnes Bygdekvinnelag. ​
Det er viktig å bevare skulen slik den ein gong var. Neste prosjekt om det er mogeleg, å få laga til santier anlegg i skytjo.


I dei seinare år er det skrevet 3 bøker med historier om livet i Solheimsdalen.


Jorunn Bjordal takka Hans Tore Brekke på vegne av Tysnes Bygdekvinnelag for ein fantastisk
historietime, og ga han eit par heimaspøta labbar frå oss.