Oppstart gaming for vaksne

Publisert av: May Britt Meland
20/8/2022 18:04

Marita Dalseid ved psykisk helse vaksne i Tysnes kommune fortel at no startar Gaming-kveldane opp att etter ferien. Mange har kome fast sidan oppstarten, men her er plass til fleire! -så om du ikkje har delteke før er du hjarteleg velkomen!

Tilbodet er for dei som er mellom 18 og 35 år. Det er eit lågterskeltilbod som er opent for alle. -Om ikkje ein ynskjer å  game, er ein sjølvsagt og velkommen innom for ein prat, seier Marita. I løpet av kvelden blir det servert pizza og brus for 50,- pr. person

Det er seks pc`ar tilgjengelig med forskjellige installerte spel, og ein storskjerm med ps4 og nintendo switch. I tillegg er det og ulike brettspel og biljard.

Torsdag 25.08 kl.17.00-20.00 på Treffstaden, 2.etg på senteret i Våge.