Illustrasjonsbilete

Regnboge flagget er heist ved Rådhuset

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/6/2022 10:05

I dag, 28. juni, heiser Tysnes kommune regnboge-flagget for å markere Pride 2022.

28. juni er datoen for Stonewall-opprøret i 1969, startskotet for den moderne homobevegelsen og opprinnelsen til Pride.

Ordførar Kåre Martin Kleppe har lagt ut ei helsing på Tysnes kommune si nettside:

Pride er ei feiring av skeiv kjærleik og mangfald. Dei siste åra har markeringa satt stadig større preg på byer og bygder. Dette meiner eg er bra, då det er viktig at me i heile landet viser at me står saman for toleranse og likeverd.

I år er det 50 år sidan avkriminalisering av homofili i Noreg. Me er komen langt sidan det, men det er framleis ein lang veg å gå.

Dei siste dagane har vist at det framleis er viktig å markere Pride. På grunn av den grusome skytinga mot fleire utestader i Oslo, deriblant London Pub, vart den planlagde Pride-markeringa i Oslo avlyst etter anbefaling frå politiet. Det er viktig å understreka at motivet for skytinga endå ikkje er kjent, men skytinga har uansett spreidd frykt og fortvilelse i det skeive miljøet i Norge. Skytinga har også ført til avlysing av Norges største Pride-markering, på ein dag der behovet for ei markering var større enn på veldig lenge.