Sveinung Økland (t.v.) og Otto Ersland under «Seniortreffet» i Tysnes bedehus. Foto: Hans Ole Dalland

Boka “Tysnesingar i krigsår”

Publisert av: May Britt Meland
5/12/2020 16:50

Viktig kjelde og solid dokumentasjon

Med boka «Tysnesingar i krigsår 1939-1946» på nær 400 sider har Sveinung Økland utført eit imponerande arbeid.

Vél 500 tysnesingar eller personar med nær tilknyting til Tysnes er nemnde i boka, som vart lansert i Mandelhuset i Våge 12. november. Der var både Økland og dagleg leiar Otto Ersland i Kapabel Forlag  AS til stades. Det er dette forlaget som har gjeve ut boka.

Omfattande prosjekt

Torsdag 26. november var det «Seniortreff» i fem av bygdene på Tysnes; Reksteren, Uggdal, Tysnesbygda, Lunde og Onarheim. I løpet av dagen farta Økland og Ersland rundt til kvar av desse bygdene og gav små glimt frå boka. Deira bidrag var eit viktig innslag på treffet. Mange møtte fram i alle bygdene, og fleire kjøpte boka, som Økland signerte.

-Truleg er det ingen andre kommunar som vil få ei så grundig bok om innbyggjarane som vart råka under 2. verdskrig. Dette er eit svært stort og omfattande prosjekt, seier Ersland, som har utført forlagsarbeidet og det grafiske.

Verdig bidrag

Underteikna var til stades under «Seniortreffet» i bedehuset i Tysnesbygda. Der fortalde Økland, som er frå Tysnes, no busett på Bryne,  at han heilt frå ung alder har vore interessert i krigssoga. Det gjorde inntrykk på han å sjå minnestøttene og tavlene med namna på dei tysnesingane som fall under krigen. Under arbeidet med boka har han leita i originale kjelder og møtt mange etterkomarar av personane i boka. Han håpar boka vil stå fram som eit verdig bidrag og ei viktig kjelde til kunnskap om krigshistoria til tysnesingane.

Fyrste delen av boka fortel kronologisk om dei som omkom som følgje av krigen. I boka sin andre del skriv Økland om omfanget av tysnesingane sin innsats og deira erfaringar frå krigsåra. I denne delen av boka er det m. a. kapittel om heimefronten på Tysnes, då statspolitiet kom til Onarheim og om Abwehr-agentane frå Tysnes.

Dramatisk i Korsfjorden

Då Økland og Ersland tok del i «Seniortreffet», fortalde Økland om personar knytte lokalt til dei ulike bygdene. I Tysnesbygda fekk dei frammøtte høyra om Reidar Frugård, Einar Godøy, Ola Gjersvik, Knut Tysnes og Johannes Ragnvald Gjøvåg.

Dei to sistnemnde opplevde noko ekstra dramatisk 28. november 1944 om bord i D/S «Hardangeren», HSD sin båt som gjekk i lokal passasjer- og fraktfart mellom Sunnhordland og Bergen.

-På den turen kom  «Hardangeren» frå Stord med 80 passasjerar pluss mannskapet. Johannes Ragnvald Gjøvåg (f. 1901) var kaptein, Knut Tysnes (f. 1911) var styrmann. I Korsfjorden kolliderte båten med ein tysk vaktbåt og fekk stor baugskade. Det braut ut panikk mellom passasjerane, men Gjøvåg og Tysnes og eit dyktig mannskap greidde å få båten inn til Klokkarvik utan at nokon vart skadde. Hadde dei ikkje lukkast, kunne dette ha vorte ein stor katastrofe, fortalde Økland.

-Det er eit fabelaktig og nitid arbeid Økland har utført. Han har vore svært nøye på detaljar og at alt skal vera rett. Eg var aldri i tvil, dette ville han få godt til. Han har verkeleg levert eit arbeid av høg kvalitet og fortener mykje skryt. Økland er ein samvitsfull kar, seier Ersland og er ekstra godt nøgd med bokprosjektet. Forlaget gjev ut 16-17 bøker i året.

 

Tekst/foto: Hans Ole Dalland