Sommarens Handle Lokalt Kampanje

Publisert av: May Britt Meland
26/6/2022 10:02

I morgon, mandag 27. juni starter sommarens Handle Lokalt Kampanje. Det er Tysnes Næringsråd som står bak kampanjen, med støtte frå ei rekkje bedrifter på Tysnes.

Dette vert 3. året på rad kampanjen er, og målet er å sette fokus på kor stort tilbod ein har her på øya, og med det oppfordre både fastbuande og tilreisande til å nytta dei lokale bedriftene.

Vel lokalt i dag for å ha eit lokalt tilbod i morgon – Vel ein bevisst sommarhandel!