Endre, Tore og Astri

Utsikt over Humlevika 2019

Publisert av: Johnny Helgesen
7/7/2019 16:45

For 12. gong opna Synnøve og Endre Hodneland huset sitt i Lunde for huskonsert med tittelen
“Utsikt over Humlevika”
Som tidlegare år var hovudinnslaget ved pianisten Rune Alver, som forutan å spela i Lunde , spelar
andre kjende stader som td på Trollhaugen, på Lysøya, og har nett spela i Russland og Kina.
Etter nokre stykke av Grieg, gjekk ha over til den ikkje fullt så kjende komponisten Signe Lund, og
tok forsamlinga med seg gjennom hennar liv og komposisjonar. At Alver er ein særs dyktig pianist
herskar det ingen tvil om, men og ein god forteljar.
Signe Lund levde frå 1868 til 1950, og var nok kanskje meir kjend i Frankrike,Tyskland og USA
enn i Norge. Ho her skrive mykje vakker musikk, som no Rune Alver er iferd med å spela inn på
plate.

Astri og Tore

I neste avdeling fekk Rune Alver med seg cellisten Astri Hoffmann-Tollaas. Dei spela tre stykke av
hhv. Saint Saens, Faure, og Rachmaninov, som fortente og fekk stor applaus .
Saman med Tore Hodneland spela så Astri Tollaas nokre stykke der Tore hadde omarbeida
pianostemma til stemme for el.guitar, også eit svært populært innslag.
Konserten vart avslutta med Tore, og Endre Hodneland på hhv guitar og klaver, og Astri Tollaas på
cello med to stykke av Kjetil Bjørnstad.

Rune Alver

At Tore og Endre er dyktige musikarar har dei vist mange gonger før, seinast i Onarheimskyrkje
førre helg, og dei skuffa ikkje no heller. Siste nr var “Sumarkveld ved fjorden ” (Ketil Bjørnstad )
med Astri ( cello ) og Endre på klaver.
Kvelden var for dei som var tilstades ei stor musikalsk oppleving, og det er på sin plass å retta ein
stor takk til dei dyktige musikarane og til Synnøve og Endre som er primus motor for
arrangementet.
Etter konserten var det “grillkveld” der musikarar og tilhøyrarene fekk god drøs saman.
Ein kveld ein seint vil gløyma.

Tekst og bilder: Tore A Humlevik