Røykvarslerens dag

Publisert av: May Britt Meland
30/11/2023 17:42

I morgon 1. desember er det røykvarslerens dag.

Brannsjef Torfinn Kongsvik opppmodar alle til å sjekke røykvarslarane sine denne dagen, det er ein fin anledning til å byte batteri om du har ein varslar som har behov for det. Elles bør ein sjekke med testknappen om den virker. Det er krav om ein røykvarslar i kvar etasje av bueininga. Røykvarslaren reddar liv kvart år!

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har i dag lagt ut resultat frå ei fersk undersøking. Denne syner at 5 % ikkje har eller ikkje veit om dei har røykvarslar. -Noko som viser at nærmare 200 000 personar kan gå jula i møte utan den viktigaste livreddaren i heimen.

Vi er no inne i høgsesongen for husbrannar, så då er det ekstra viktig å sikre seg at røykarslaren er i orden.

Visste du at varslaren bør bytast om den er 8-10 år gammal?

Les meir på dsb.no !