Arkivfoto frå markeringa av Eldredagen 2018.

Markering av Eldredagen

Publisert av: May Britt Meland
23/9/2019 12:37

Den internasjonale Eldredagen 1. oktober 2019, vil bli markert på Tysnes Omsorgssenter kl. 15.00.

Freddy Jensen vil på vegne av Tysnes Eldreråd invitere til ei innhaldsrik og underhaldande markering.

Det vert variert program med bl.a. song og musikk av «Stordkarane» og Jan Belt.
-Vi får besøk av ordføraren, orientering om aktuelle saker bl.a. om «Leva heile livet», Sogelagets planar for gamle kommunehuset.
Song og musikk ved Martha og Einar, Jan har noen historier på lur, og naturlegvis blir det mat å få, og ellers «tradisjonelle» innslag.

For info om påmelding klikk her.