Kjekk helg på OBOS cup

Publisert av: May Britt Meland
21/6/2026 21:24

Tre Njardar lag var denne helga i Stavanger på OBOS Cup, J12, G13 og G16.

-For ei fantastisk kjekk helg me har hatt!
Gode innslag med sol, ekte samhald med tre lag samla i Vikinghallen på tvers av alder, mykje god fotball og solid cup stemning.
All honnør til arrangøren for ein flott cup.

Søndag hadde J12 eit knepent tap i første kamp, og reiste heim med siger i siste kamp.
Jentene kan vera godt fornøyd med cupen, og har fått målt krefter på høgare nivå enn i serien.


G13 tok seg heile vegen til finalen i B-sluttspelet etter tre dagar med mykje godt spel. Dessverre rauk me på straffekonk i finalen etter 1-1 til slut, men gutane har all grunn til å vera kjempe fornøyd med innsatsen og resultatet i cupen.

G16 tapte 3-1 i kvartfinalen i A-sluttspelet. Laget har hatt strålende humør gjennom helga trass varierande resultat, mogleg dei kjem med årets (Njardar) sommarlåt dei har arbeidd med gjennom helga?

Tekst og foto: Njardar/ Tysnes I.L