Teikna av Hannah Henningsen

Purple sweater

Publisert av: May Britt Meland
23/9/2018 18:30
Kommande laurdag 29. september, kan du gle deg til singelslepp!

 

Då vert låta “Purple Sweater” tilgjengeleg på fleire platformer som for eksempel Spotify, iTunes/Apple music, Tidal og mykje meir. “Purple Sweater” er den fyrste av fleire planlagde slepp framover. Bak låta står bandet SYMRA der vokalist Øyvind Kleppe og trommeslagar Henrik Sebastian Epland er frå Tysnes.

På spørsmål om korleis songane vert til, svarar Kleppe at gitarist Henrik Nesbø Vatle skriv for det meste alle songane. -Han skriv tekst, har ein melodi og eit akkordmønster, og så jobbar me med det. Alle i bandet er veldig samkjørte, og har som oftast samme idé om korleis “sounden” på låta skal vera. Det gjer at det ikkje tar så lang tid å laga ei ny låt når Henrik kjem med ein ny tekst!

Når det gjeld korleis dei får idear til nye låtar kan Kleppe fotelle at alle i bandet høyrer på mykje forskjellig musikk, noko som gjere at dei ikkje får inspirasjon frå nokon spesielle. -Me har hatt som eit mål om at me lagar låtar som er ganske forskjellige frå kvarandre, men samtidig innanfor samme sjanger. Det er fordi me vil at folk skal kunna høyra igjennom heile albummet (som me ikkje veit kortid me er klar med enno ), utan å bli lei. Målet om variasjon er noko bandet føler dei har greid.

Og sjanger? Symra plasserer musikken sin i Alternativ pop-rock sjangeren.

Øyvind Kleppe fortel til Tysnesingen.no at finansieringa har skjedd igjennom at bandet har fått støtte frå ulike lokale bedrifter, ein støtteorganisasjon kalla Bandorg, spelejobbar og privat økonomi. -Me hadde også ein kronerulling i juli som fekk oss eit godt steg nærmare å ha nok pengar til tur 2 i studio, legg han til.

SYMRA gler seg og ser fram til å endeleg få sleppa singelen “Purple Sweater” 29. september.

 

Tysnesingen.no ynskjer det talentfulle bandet lukke til, og vonar mange får med seg låta!

 

Bandmedlemmer:
Øyvind Kleppe (vokal)
Henrik Nesbø Vatle (Gitar)
Morten Engebretsen Stokke (Gitar)
Ole Martin Hauan (Bass)
Henrik Sebastian Epland (Trommesett, Perkusjon)