Ingvild Hustad og Elin Bergesen koste seg med SUP padling.

Kjekt på SUP kurs

Publisert av: May Britt Meland
13/6/2021 19:49

Laurdag 12. juni var det nybegynnarkurs i SUP-padling i båthamna på Gjerstad. Det vart halde to kurs som kvar varte i ca to timar. Det var dyktige og erfarne instruktørar frå Kystleik som hadde teke turen til Tysnes.

SUP står for Stand Up Paddle, men vert også ofte kalla padlebrett eller paddleboard. Brettpadling, stående på dei lange bretta, har etterkvart blitt ein populær fritidsaktivitet. Det er kjempebra trening, der du får jobba med alt frå kjernemuskulatur til balanse, i tillegg til at det er kjempegøy!

Kursdeltakarane fekk lære grunnleggande og enkle padleteknikkar som gjer padleopplevinga betre og meir effektiv. Dei fekk oppleve kor morsomt og enkelt det er å padle på padlebrett.

Foto: Vegard Aslaksen