Illustrasjonsbilete

Forhåpentlegvis snart oppheving av portforbod for tamme fuglar

Publisert av: Martha Nygård Lande
23/5/2021 11:48

Snart kan hønene sleppe ut i graset.

Mattilsynet melder på si facebookside at ein forhåpentlegvis snart kan lette på dei strenge smitteverntiltaka i forbindelse med fugleinfluensaen.

I desember 2020 skreiv Tysnesingen om at det vart innført “portforbod” for å hindre smitte til tamme fuglar. Det kan du lesa her.

Vårtrekket er snart over, og det er stadig færre tilfeller av fugleinfluensa i Norge. Det betyr at ein forhåpentlegvis kan lette på dei strenge smitteverntiltaka som vart innført før jul. Frå 1. juni vert truleg  portforbodet oppheva.