Sommarbasar i grendahuset på Skorpo

Publisert av: May Britt Meland
25/7/2022 08:35

Laurdag 23. juli 2022 kl. 15:00 vart den tradisjonelle sommarbasaren halden i Skorpo. Kvelden før var ein del av medlemene på plass og ordna til med bord og stolar og gjorde elles alt klart til basar. Graset på den gamle skuleplassen, hadde John teke seg av.

Det vart vurdert om basaren skulle haldast inne eller ute, men etter ein glytt på yr.no der dei melde overskya og vind frå sør, vart innebasar bastemt. Det vart likevel plassert ein del bord og stolar ute for dei som ville nyta kaker og kaffi der.

Og etter velkomehelsing av Bjørg og eitt vers av «Mellom bakkar og berg utmed havet», var kaffi og kaker, og saft for dei ikkje-kaffi-drikkande, første post på programmet. Ein viktig del av basarane i Skorpo har alltid vore å ha god tid til prat. Slik vart det i år óg. Det er her ein treffer «gamle kjenningar» og gjerne nokre nye óg.

Neste post på programmet var åresal. Frå gammalt av har det vore tradisjon på basarane i Skorpo med fem åresal, tre før matpausen, og to etter. Men i koronatida var det berre eitt åresal for å unngå spreiing av smitte, og det ser ut til at dette vert den nye tradisjonen.

 

 

Siste post var trekkjing av dei mange flotte gevinstane «på bok», og heilt til slutt fellessong: eitt vers av «Fagert er landet».

Det vart ikkje fullt hus slik det var på påskebasaren, men likevel kom det inn vel 18500 kr. Dei største utgiftene til laget er forsikring og straum. Men ein del av pengane er planlagt å bruka til høgtalaranlegg.

Tekst og foto: Harald Skorpen