Publisert av:
19/4/2011 13:31
Påske > sol > båt
I går måndag var det reine sommarstemninga på Tysnes. Sol, varmt og eit yrande liv på sjø og land.
For mange er det båtpussing som er på planen i påsken. Men med dei godvérsmeldingane som er for påskeveka, er det vel fare for at iveren etter å koma seg på sjøen er for stor til at ein tar seg tid til båtpussen!?
Det er berre å sjå langtidsvarselet for Tysnes på yr.no og gle seg over strålande vér fleire dagar framover!