Illustrasjonsbilete

Digitalarkivet – søk i protokollar frå Tysnes kommune heilt tilbake til 1837

Publisert av: Martha Nygård Lande
2/3/2022 08:57

På Tysnes kommune si nettside er det no informasjon om korleis du kan finne gamle protokollar frå kommunen.

Interkommunal arkiv i Hordaland har skanna og publisert protokoller frå Tysnes kommune. Desse protokollane går heilt tilbake til 1837.

Protokollane ligg på digitalarkivet og er tilgjengeleg for alle.

Arkiv som er eldre enn 100 år er publisert fritt, medan arkiv som er yngre, krev brukartilgang.

Desse protokollane frå Tysnes kommune ligg tilgjengeleg for alle på digitalarkivet:

  • Skuleprotokoller 1837 – 1931
  • Møtebøker etter formannskapet og kommunestyre 1837 – 1965
  • Skulestyre 1837 – 1921
  • Overformynderiet 1837 – 1921
  • Jordstyre 1870 – 1965

Klikk her for å koma til digitalarkivet.