Flott folketog gjennom Londabyga

Lesarbilete frå ei fantastisk fin 17. mai feiring

Publisert av: May Britt Meland
17/5/2025 21:17

Tysnes har bada i sol på denne Nasjonaldagen, og rundt om i bygdene har det blitt feira med tog, talar, song, underhaldning, leikar og sosial drøs.

Her kjem eit lite knippe lesarbilete frå feiringa.

I Lunde var det kransenedlegging ved minnestøtta og tale ved Trond Kathenes. Deretter gjekk det tog gjennom bygda og opp til Vassbakken. Torstein F. Lunde talte, alle stemte i på “Ja, vi elsker”, barnehageborna underheldt og “No livnar det i lundar” som allsong til slutt.

 

På Onarheim var det flott folketog med Onarheim musikklag frå Onarheimstree og til Onarheim kyrkje der Marit Espedalen heldt gudsteneste, deretter gjekk prosesjonen vidare til feiring av Nasjonaldagen på skulen. Etter tale ved Helge Hauge stod underhaldning, leikar og konkurranser, is, brus, pølser, kaffi og kaker på programmet. Ein kjekk dag for både store og små!

 

Festpynta folk i folketoget i Våge og samling ved minnestøtta ved Tysnes kyrkje.

Folksomt ved kaia i Våge.