Foto: Thomas Hagen

Njardar er i støtet

Publisert av: Dagfinn Sandvik
29/5/2018 08:29

Referat Vadmyra 3 – NjardarTysnes

Til tross for mange forfall til kamp denne helga klarte me å stilla nok folk til lag mot den ubeseira serieleiaren Vadmyra 3. Dei stod med 4 strake seirar før lørdagens kamp.

Trenarane hadde på forhånd vore å kikka på motstandaren når dei slo StrandUlv og visste delvis kva styrker dei spelte på.
Med ein lagoppstilling og taktikk som spelarane følgte opp veldig bra, så enda detta i ein meget godkjent 5-2 seier.

Dei fyrste 25minuttane var me knallgode og  burde ha leda 4-0 men det stod alikavell berre 2-1 til pause.

 

1-0 kom etter at Roy stakk på et av fleire glimrande løp i bakrom der Thomas slår han gjennom frå høgrekanten. Inne framfor mål blir Lasse spelt fri på åpent mål av Roy. Lasse set enkelt inn 1-0.

 

2-0 målet kjem frå venstresida der Roy møter og får ballen frå Børge, vender opp og spelar Arild gjennom som plasserar inn 2-0.

Rett før pause sviktar da litt i konsentrasjonen bak og Vadmyra får inn ein redusering på eit skudd frå 16m.

Etter pause kjem heimalaget meir med i kampen og får utligningen på ein corner.

I denne perioden kjører dei kampen og skapar eit par cornera men ellers lite store farlighetar. På eine corneren deiras snappar Thomas ein klarering og set fart framover før han slår ein lang ball over høgrebacken til Vadmyra der Roy er på nok eit løp. Han skjærer inn forbi eit par mann og bankar ballen tilbake i venstre hjørne og stolpe inn. Fantstisk kontring. 3-2 til oss.

Etter dette kjører Vadmyra meir folk framover som gjer oss meir spelerom.
4-2 kjem på nok et raid frå Roy som spelar inn til Børge som bredsidar ballen i mål. Endå ein flott scoring.

5-2 målet og punktering av kampen skjer på flottast mulig vis. Arild crossar til Øyvind på venstrekant som etter å dempa ballen legg nydelig inn på bakerste stolpe der Børge stupheadar ballen i mål.

 

Kruttsterk borteseier og me er tilbake på sporet. 

Børge Pedersen med 2 flotte mål.
Man of the match: Roy Korsnes med 3 assist og 1 scoring.
Arild med Lasse bak seg. Begge to med mål i denne kampen
No ventar Hasunds Hund i neste heimakamp på onsdag 30. Mai. Me håpar mange vil ta turen til Reiso.
Tekst og foto: Thomas Hagen