Tysnesingen.no sin Påskequiz

Publisert av: Vegard Aslaksen
24/3/2018 19:07

I morgon byrjar tysnesingen sin Påskequiz. Sjå kva du kan vinna!

Hovudpremien i år er eit flott påskeegg overfylt med godsaker, tre flaxlodd, ein kul påskekylling og sist men ikkje minst ein flott tysnesingen.no kaffikopp. Premien har ein samla verdi på 600 kroner.

I år går påskequizen ut på å svara på til saman 20 spørsmål der svara skal setjast inn i eit kryssord. I det gule feltet skal ein då koma fram til løysingsordet eller orda. Kvar dag frå i morgon slepp me 4 spørsmål fram til og med skjærtorsdag. Fristen for å senda inn svar med løysingsord er Langfredag kl 1600.

Måten å senda inn på er sjølvsagt å nytta innsendingsløysinga på tysnesingen.no. I tittelfeltet skriv du Påskequiz og under innhold skriv du løysingsordet.

Ein vinnar av hovudpremien blir trekt og kunngjort på Påskeafta. Alle som er med i trekninga får ein tysnesingen.no kaffikopp.

Følg med på tysnesingen.no for å få med deg quizen.