Minnekonsert for Roger Sjøvold Dalland

Publisert av: Martha Nygård Lande
28/5/2022 08:54

Søndag 5. juni blir det arrangert minnekonsert for Roger Sjøvold Dalland.

Den strålande gitaristen og komponisten Roger Sjøvold Dalland døydde uventa i fjor haust, og no har ei har lang rekke tidlegare medmusikantar bestemt seg for å minnast sin ven med ein durabeleg festkonsert i Vonheim, Våge. Etter ønskje frå familien, vil overskotet frå konserten gå til Tysnes skulekorps.

Dei som deltek er: Anders Kristensen, Tarald Tvedten, Kjetil Dalland, Tor Bjarne Bjelland, Gyrid Nordal Kaldestad, Roald Kaldestad, Egon Teigland, Ove Gaassand, Camilla Sjøvold, Yngve Nikolaisen, TBA, Anders Bakke, Robert Dalland, Bernhard Auran, Atle Hansen, Kolbjørn Tvedt, Monica Hoff Utne, Vivi-Ann Brede, Hans Ole Dalland, Bjarne Øymyr, Jl Zaragoza, Stig Klette og Ingmar Meland.