Flott og viktig foredrag

Publisert av: Johnny Helgesen
6/3/2018 18:18

Harald Dean fra Stine Sofies Stiftelse holdt eit informativt foredrag om vald og overgrep.

Med tittelen «For barnas beste må ein tore å tenkje det verste!», blei dei oppmøtte i Tysneshallen opplyst om kor viktig det er å prate med barn og unge om vald og overgrep.

Fokuset låg på korleis ein kan forebygge at slike ting kan skje, og ikkje minst korleis me kan snakke med barn og unge om eit slikt både vanskeleg og viktig tema.

Heile oppvekstetaten i Tysnes kommune har allerede vore på eit utvida foredrag i Grendatun om dette, for å heve kompetansen om vald og overgrep. Vidare i denne veka skal Harald Dean rundt i alle barnehagar og skular på Tysnes for å ha samtalar med barn i grupper.