SIM sin miljøsentral i Eredalen. Foto: sim.as

Miljøsentralen i Eredalen er stengd

Publisert av: May Britt Meland
17/3/2020 18:42

Stenger miljøsentralane frå og med tysdag 17. mars:

SIM har vedteke at alle våre miljøsentralar vert stengde frå og med tysdag 17. mars og inntil vidare, som eit tiltak for å hindre spreiing av Covid-19/Koronaviruset. Renovasjonsbilane på rute går som normalt, slik at avfallet heime hjå deg vert henta. Me ber om at alle sorterar godt og sikrar at avfall hamnar på rett stad, slik at ein hindrar smittespreiing.

Dersom du har spørsmål er me tilgjengelege på telefon: 53 45 78 50 eller epost: sim@sim.as

Renovasjon er definert som eit viktig samfunnsoppdrag, og situasjonen endrar seg raskt. SIM sitt største fokus er at avfallet i dunkane heime hjå deg skal bli henta. Ein har i den samanheng utarbeidd beredskapsplanar for eventuelle situasjonar som kan oppstå. Det kan i sin ytterste konsekvens føre til at ein lyt gjere prioriteringar i samband med renovasjonen.

SIM vil informere via nettsida, media, facebook og sms dersom det skjer endringar som råkar våre kundar.

For at me skal kunne halde våre tilsette friske og i stand til å oppretthalde normal drift ber me om at abonnentar og kundar tek omsyn til våre renovatørar og tilsette.

Råd i den samanheng er at du:
– Vaskar hendene grundig både før og etter at du trillar dunken.
– Vask av håndtaket på dunken og loket
– Sorter rett og sikrar at avfallet hamnar på rett stad, slik at ein unngår smittespreiing.
– Ikkje start rydding på loft og i kjellar, då våre miljøsentralar er stengde inntil vidare.

Føl elles FHI sine råd og retningsliner

Takk for at du er med på dugnaden og hjelper oss å halde hjula i gang.