Tysnes Sparebank Foto: Tysnesingen.no

Eit godt resultat for 1. kvartal 2021

Publisert av: May Britt Meland
14/5/2021 13:57

Resultat før skatt på 4,6 millionar kroner etter 1. kvartal 2021

Tysnes Sparebank har eit resultat før skatt på 4,6 mill. kr. etter 1. kvartal 2021. Dette er ein framgong på 0,6 mill.kr. samanlikna med same tid i fjor.

 

Forvaltningskapitalen er på 4,2 milliardar kroner, omlag 200 millionar høgare enn ved årsskiftet.

 

Banken byter dataleverandør

Styret i banken vedtok i april å skifte dataleverandør frå danske SDC til norsk/finske TietoEvry. Dette er noko som vert gjennomført saman med 51 andre bankar i Eika-alliansen. Skifte av dataleverandør vil skje puljevis, og Tysnes Sparebank er venta å starte på denne prosessen hausten 2022.

 

«Det er ei stor og viktig investering for banken å skifte dataleverandør, over tid vil endringa redusere datakostnadene for banken og sikra at banken har tidsriktige tenester til kundane» uttaler banksjef Dag Sandstå.

 

Skifte av dataleverandør medfører at driftskostnadene vil auke når prosessen pågår, men frå 2023/24 skal det resultera i lågare driftskostnader.

 

Aukar staben

Banken vil auka staben med eit nytt årsverk knytt til kontrolloppgåver. Det er kome 7 søkjarar til stillinga.

 

«Det er kjekt å sjå at banken er ein attraktiv arbeidsplass, vi har 7 gode søkjarar til den utlyste stillinga i banken» seier banksjefen.

 

Framtidsutsikter

Pandemisituasjonen er fortsatt ikkje avklart, og det er framleis usikkherheit knytt til utviklinga innan næringsliv og sysselsetjing dei næraste månadene. Det er ei positiv utvikling, men ikkje slik at ein kan avlyse utfordringane knytt til pandemien.

 

Banken avslutta i april forhandlingane med Etne Sparebank om fusjon. Tysnes Sparebank sin plan for vekst og utvikling som frittståande bank er god, og denne viser at banken kan levere resultat framover slik det tidlegare har vore annonsert – 5 til 7 % avkastning over bankrente.