Torhild Meland og Elna Fulton i full gong med baking. Foto: Anne Langeland

Lefser til jul

Publisert av: May Britt Meland
9/12/2018 20:18

«Lodotten» viderefører viktig tradisjon – Bakst av lefser til jul !

På strikkekafeèn til «Lodotten» i haust har det vore mange forslag om kva me kunne arrangera i klubben, og eit av desse var ynskje om å baka lefser.

Nokre av oss hadde gått lefsekurs hos Begitte Sletteskog i si tid, og me fekk i oppgåve og læra dei andre. Om dei andre trudde me var proffar er ikkje godt og sei, men me lova å gjera så godt me kunne.

Innkjøp av ingredienser vart gjort og Bergitte si oppskrift, som me er heldige å ha, vart laga. Iherdig gjekk seks bakarar igong med krotakjevle og kunsten med å få lefsene nokolunde runde, store og tynne.

 

Emne og ferdig kjevla lefsa. Foto: Anne Langeland

Den eldre garde av oss hugsa godt når det blei baka når dei var unga.  I sokna var det ei kona dei kalla “Ingeborg på gjerdet”  som reiste rundt om i heimane og baka.

Antagleg var det travelt i den tida også med gardsdrift og anna, og då var det godt og kunna leiga inn ekstra hjelp til baksten. Kanskje var det ikkje alle som hadde baksteutstyr heller.

Underteikna hugsar sjølv godt då eg var med bestemora mi i kjellaren og baka lefser, var imponert over kor snart ho laga lefsene og kor store, runde og tynne dei vart.

 

Ann Sønnøve Meland og Vivi Tvedt ( med Fløy pinnen) i full kosentrasjon. Foto: Anne Langeland

 

Jorunn Onarheim passar på att lefsa blir passe steikt. Foto: Anne Langeland

I pausen var det prøvesmaking, sjølvsagt og lefser blei bløtt med smør,sukker og kanel på.

Fantastisk gode var alle skjønt enige om. Totalt vart det laga tre deigar og ca 130 lefser som blei fordelt

imellom bakarane.

Veldigt sosialt og kjekt som vanlegt og det var stemning for å halda på lefsebakinga som tradisjon!

Prøvesmaking av ferdige lefser. Foto: Anne Langeland

Tekst og foto: Anne Langeland.