Irene Dalland ved Garden på Dalland viser fram den mobile heimen til Hønhild og gjengen. Foto: Privat

Nyinnflytta drøymer om piano

Publisert av: May Britt Meland
24/5/2020 08:27

I tillegg til vestlandsk fjordfe, gammalnorsk sau, kattar og hund, har det no flytta inn 10 flotte damer av arten ISA Brun på Dalland.

-Me valde denne typen mellom anna fordi dei er gode eggleggarar. Dessutan har dei eit roleg temperament, og er kjende for å være tillitsfulle og sosiale. Det er noko vi allereie har merka, seier Irene Dalland ved Garden på Dalland. Sjølv om dei nett er komne til gards, har vi fått god kontakt. Dei blir glade og kjem mot oss med ein gong dei ser oss. Det at rasen er velegna som hagehøns og er svært heimekjære er ein absolutt fordel. Spesielt med tanke på den mobile drifta me har lagt opp til.

Hønhild og gjengen har funne seg godt til rette i den mobile heimen sin. Foto: Privat

 

Mobil heim
Hønene bur nemleg i ein ombygd hestehengar. Garden på Dalland som driv økologisk har ei viktig oppgåve til hønene. Dei skal koma inn på beite etter at kyrene er flytta til eit nytt beite. Hønene hakkar og sparkar i jorda når dei leitar etter mat, og dermed vert kumøka speidd utover og i jorda. Eit godt eksempel på at ulike artar utfyller kvarandre og saman dannar ein vedvarande ring som økosystemet er, seier Dalland. -Og i tillegg vert me kvitt ein god del matavfall.

Piano til hønene
Bøndene på Dalland er opptekne av at dyra skal trivast, og har som kjent eit piano i storfefjøset. Anders har uttalt: “Eg trur heilt alvorlig at dette har ein effekt.”. “Hønhild og gjengen” har enno ikkje fått på plass eit piano i den nye heimen sin, kanskje du har eit minipiano liggande som kan passa?

 

Allereie i god gong med å ta seg av matavfall. Foto: Privat