Bli med på digital julekalender  

Publisert av: May Britt Meland
29/11/2021 17:26

I år får Tysnes-samfunnet sin heilt eigen julekalender på nett. Kvar dag frå 1. desember og fram til julaftan kan du nemleg klikka deg inn på meirsmaktysnes.no og vera med i trekninga av flotte premiar frå lokale bedrifter.

Kva som skjuler seg bak dei mange lukene er i utgangspunktet hemmeleg inntil dei kan opnast, men me har lyst til å røpa at den aller fyrste premien blir den populære kalenderen frå Haaheim Sjokolade. Heldig er den som vert trekt ut som vinnar!

Men sjokoladekalender er berre starten. Utover i desember kjem det premiar frå Mandelhuset, Tysnesfest, butikkar, frisørar, m.fl. Me snakkar premiar som vil vera svært kjekke å vinna for tilreisande så vel som fastbuande.

Med den digitale julekalenderen ynskjer me å skapa blest om både «Tysnes gjev meirsmak» og bedriftene som er med. Tysnes har utruleg mykje å by på, og kalenderen er med på å visa fram litt av den store breidda.

Gå gjerne inn på nettsida vår og registrer deg på kalenderen allereie no, så får du ei påminning når me er i gang. Me vil også oppmoda om å følgja oss på Facebook og Instagram, dersom du er interessert i å halda deg oppdatert på smått og stort innan reiseliv, handel og opplevingar på Tysnes.

Avslutningsvis vil me ynska alle ei riktig fin førjulstid!

Pressemelding frå «Tysnes gjev meirsmak»