Gunnar Bjørk og Berit Bjelland Bjørk

Herr og Fru Bjørk

Publisert av: May Britt Meland
24/6/2020 18:36

Berit Bjelland Bjørk og Gunnar Bjørk er busette på Stord. Begge er pensjonistar og har gjennom alle år vore interessert i kunst og forskjellige handverksteknikkar. Interessa har gjort at dei har prøvd mange ulike teknikkar . Dette som hobby og avstressing i travle tider.

Berit har vore oppteken av strikk, tekstil og no keramikk. I snart to tiår har ei gruppe på 8-10 damer, gjennom Husfliden på Stord, hatt faste samlingar. Der blir det stadig  jobba med teknikkar, forskjellige typar leire og glasurar. Ho har no også egen omn og verkstad. Leire er eit fantastisk materiale å jobba med, ein drøymer seg vekk medan ting veks fram i hendene. Og det er like spennande kvar gong og opna ovnsdøra å sjå resultatet av brenninga. Vart noko knust eller korleis blei glasuren?

 

Gunnar har alltid hatt trevirke som sitt materiale. Frå han laga små båtar i onkelen sin snikkar verksemd, til draumen om å byggja sin eigen båt. Draumen fekk han oppleva då han deltok, og bygde, sin eigen færing på båtbyggarkurs i Flakkavåg med Egil, Arne og Harald som flotte læremeistrar. Nå er det meir enkle bruksgjenstandar som vert lag i snikkarboden.

Det mest som har vorte laga er gåver til eller ønsker frå familie eller til vener. I fjor haust vart dei invitert til Husflidsmessa på Tysnes. Då vart det litt meir «alvor».

Etter dette tok Brith Brekke kontakt og spurde om dei ville delta i nystarta – «Nisjekroken», med noko av det dei laga. Tiltaket tykte dei var spannande og takka ja.

Fyrstkommande laurdag vitjar dei Våge og aktiviteten ved «Nisjekroken».