Foto: Irèn T. A. Færevaag Bilete henta frå fuglevennen.no

Har du mange fuglar i hagen din?

Publisert av: Martha Nygård Lande
25/1/2020 11:58

Vil du vere med på fugletelling?

Denne helga går Hagefugltellingen 2020 av stabelen, og dersom du ikkje veit kva du skal finne på, så kan kanskje dette vere ein aktivitet i helga. Hagefugltellingen er eit samarbeid mellom Norsk Ornitologisk Forening og miljolare.no

Heile Norden er med på Hagefugltelling, og Norge var med for fyrste gong i januar 2008. Danmark, Finland og Sverige har gjennomført dette i fleire år enn Norge, men det har vore ei stor auke i talet på norske deltakarar.

Ei av målsettingane med hagefugltellinga, er å setta søkelyset på korleis klimaendringar endrar artssamansetninga for overvintrande fuglar i Norge og Norden. Ved å samla inn denne typen informasjon frå mange deltakarar, kan ein få ei betre forståing av variasjonar i førekomsten av småfuglar i det vinterlege Norden.

Foto: Marianne Mykland
Bilete henta frå fuglevennen.no

 

Korleis skal ein gå fram?

Du skal notere ned kva for fuglar, og det høgaste talet av kvar fugleart du ser samtidig, i hagen din. Deretter skal ein registrere funna på fuglevennen.no sine sider. Nøyaktig korleis dette skal gjerast, kan du lesa ved å klikke her.

På Norsk Ornitologisk Forening si nettside fuglevennen.no kan ein lera meir om fôr og fôringsplassar i hagen,  fuglekassar, trekkfuglar og mykje meir.
Tekst og bileter er henta frå nettsida til Norsk Ornitologisk Forening, fuglevennen.no