Mykje spennande å finne. Foto: Sissel Karin Clausen

Koseleg på låvesalg

Publisert av: May Britt Meland
24/9/2018 09:01

Laurdag 22. September var det duka for Låvesalg-Loppemarknad i låven til Laukhamar Fritid, noko som på førehand var publisert på Facebook, Tysnesingen og plakater. Det var eit rikhaldigt utvalg som vart presentert for dei som tok turen.

Til trass for at det var få som nytta seg av dette tilbodet, vart det ein koselig dag saman med dei som kom. I tillegg til salg av varer var det også råd å få kjøpa kaffi, kaker og Hot Dog. Søndag var det også nokre som fant vegen ut til Laukhamar.

Det er framleis mange varer som venter på ein ny eigar så dersom de er nokon som no i etterkant vil komma og handla, er dei hjertelig velkomne. Av varer er det litt møbler, klær, smykker og sko, ting og tang, påhengsmotorer, motorsag, bil m.m.

Tekst/ foto: Sissel Karin Clausen