Foto: Anne Langeland

Trivelig sy- og strikkekveld på Tveit

Publisert av: May Britt Meland
26/10/2018 09:36

Like sikkert som att haustløvet dett av trea og mørke kveldar set til, møtest kreative damer til sosial samankomst på sy- og strikke-kveld i Tveit grendahus. Det er Lodotten som på sjette året står som arrangør.

Sjølv om det ikkje var så mange som møtte denne torsdagen gjekk praten livleg rundt bordet om alt frå kva me hadde av arbeid på handa, til artige historiar ifrå gamle dagar.

Litt godt å bita i høyrer sjølvsagt også med, i dag kunne ein kosa seg med eplekaka og lapper til ein kopp kaffi eller te for dei som ynskte det.

Dei som kjem synest det er viktigt att det er aktivitet og att ein samlast i bygda. Dette er eit sosialt og kjekt arrangement og håpar att fleir kjem seg over dørstokkmila, nevner dei i kor. Det er heller ikkje nødvendigt å kunna strikka eller ha noko anna handarbeid for å vera med er dei skjønt enige i.

Neste sy- og strikkekveld vert om 14. dagar.

Me håpar fleire har tid til å setja av eit par tima og ta turen innom Tveit, me har da « jysla kjekt»!

Tekst og foto. Anne Langeland