God stemning og vaffelduft på Årbakka

Publisert av: Hilde Marie Sæverud-Mehammer
10/5/2018 17:16

Dagen i dag er sesongopning på Årbakka Handelstad. Mange hadde trossa regnet og møtte opp på opninga av den flotte kunstutstillinga. Tysnesingen.no anbefaler ein tur for å ta ein kikk på desse flotte kunstverka.

Krambua solgte vafler, kaffi og is. Tradisjonen tru går inntekta av dette denne dagen til SOS-barnebyer.
Dei har og eit godt utval av gamaldagse drops, sukkerkandis og handarbeid.
Tysnes Kystlag sin utstilling av gamle motorar og utstyr er også open.

I sjøhuset har dei løpere og handklær frå Ekelund.

Ordførar Kåre Martin Kleppe opna showet.

 

Utstillarar:
Irén Tvedt Asbjørnsdatter Færevaag
Inger-Marie Sæverud
Marit I. Espedalen
Sanita Balode
Mona Amland
Nina Havn
Jannicke Dalland
Sofie Dalland
Astrid Dalland
Ken Martin Tvedt
Leif G. Bringslimark

Handelstaden er open laurdag, sundag og helgedager kl. 12-17 i mai og juni (fram til skuleferien). Open onsdag til sundag kl. 12-17 i siste del av juni, heile juli og fram til 12. august.
Under Tysnesfest har dei andre opningstider, sjå eige program.
Ta kontakt på tlf. for vitjing utanom opningstidene i mai og juni (474 08 923).

 

 

Årbakka Handelstad ynskjer alle hjarteleg velkommen til ny sesong på Årbakka.