Haaheim Gaard på lista over dei mest hyggelege hotella i Noreg

Publisert av: Martha Nygård Lande
9/9/2020 15:36

Hotella som er kome på denne lista, er kome der fordi dei skiller seg ut i frå dei vanlege store hotellkjedene.

Det er The Travel Inspector som har foretatt denne rangeringa. Haaheim Gaard er blant dei 6 på topp i Hordaland. I rangeringa har ein brukt dei tidlegare fylkesgrensene.

Dette skal være hotellet der du vil ta med deg nære og kjære, hotellet som verkeleg er verdt eit besøk når du vil ha det vesle ekstra. Hotellet skal ha varme og sjarme, og kanskje ein liten hage.

I rangeringa er det lagt vekt på at hotellet skal ha ekstra stor hygge- og trivselsfaktor, gjerne med peis, og eit hyggeleg opphaldsrom der ein kan nyte ein kopp kaffi eller varm kakao, få servert ein vaffel eller ein god historie.